Framsida
Siste nyhende
10.06.2014
Sunnhordlandstreff 26.juni- bli med!
Nysgjerrig på jobbmoglegheitene i Sunnhordland? 26. juni blir MF Skånevik fylt med firma, kommunar, etatar, mat, drikke, premiar og festivalpass!
14.10.2013
Velkommen til Sunnhordlandstreff med filmpremiere på MESH 7. november
Kjenner du dei tallause karrieremoglegheitene som finst for deg i Sunnhordland?
Samarbeidspartnarar

Nyhendearkiv

Omdømmebygging & rekruttering i Sunnhordland


Omdømmebygging av Sunnhordland er eit langsiktig arbeid for å styrkja regionen som arbeids- og buregion.
For å lukkast i dette arbeidet, ser fleire og fleire behovet for å stå samla i konkurranse om arbeidskrafta. Sunnhordland kan sjåast på som ein felles bu- og arbeidsregion. Kommunar og bedrifter har felles interesser i å henta inn arbeidskraft til Sunnhordland.
Rekruttering handlar om meir enn sjølve jobbinnhaldet og løns- og arbeidsvilkår. Jobb til partnar/ ektefelle, lokalmiljø, bustadprisar, skule- og barnehagetilbod er forhold som spelar inn ved val av arbeidsstad og kvar ein skal busetje seg.
Som følgje av dette må det offentlege og det private stå saman i rekrutteringsarbeidet!
Samarbeidsrådet for Sunnhordland arbeider kontinuerleg for fremjing av regionen. Men for å kunna ha fullt fokus på dette, er det viktig at di bedrift er med.
Me tilbyr di bedrift følgjande:
Les meir 11.03.2013

Vurderer du å flytte til Kvinnherad?

Cv-databasen vil gje kvinnheringar, utflytta kvinnheringar og andre som ynskjer å flytta til Kvinnherad ein moglegheit til å registrera seg i databasen for å synleggjera seg sjølv som potensiell arbeidstakar, styremedlem m.m. for lokale verksemder. Databasen er også eit nyttig verktøy også for kvinnheringar som ynskjer deltaking på prosjekt, konsulentverksemd og studentar som er på jakt etter sommarjobb.
Les meir 19.04.2012

Vellykka arrangement i Bergen

Takkar alle frammøtte og bedrifter for ein strålande kveld på Jacob Aall i Bergen. Utruleg inspirerade å møta så mange som er klare for å flytta til Kvinnherad om bare den rette jobben dukkar opp. Me ynskjer å hjelpa til i denne prosessen, så send cv'en din til oss om du kunne tenkje deg jobba i Kvinnherad (post@naeringsservice.no). 

 

Det vert utvikla ein elektronisk database som gjer at det framover vil vera lettare for dei som ynskjer å flytta heim til å få ein oversikt over kva moglegheiter som er i kommunen, samt få ein moglegheit til å profilera seg mot lokalt næringsliv og kommune. Ta kontakt om du ynskjer meir informasjon om dette.
Les meir 03.06.2011

Bur du i Bergen, men vurderer å flytte til Kvinnherad?


Velkommen til ”Kom til Kvinnherad”-samling 19.mai kl.18.00 på Jacob Aall, Xhibition. Her får ein snakka med spennande bedrifter som Noreq, Norsafe, Zenit Engineering, HMR, Husnes Storsenter, Søral, Kvinnherad kommune og Kvinnherad Næringsservice om karrieremoglegheiter i ein kommune i vekst. Det vert servering av mat og drikke. Velkommen til ein kveld med Kvinnherad som utgangspunkt!
Les meir 10.05.2011

Kom til Kvinnherad-samling i Bergen

Kvinnherad kommune og næringslivet i Kvinnherad inviterer til samling i Bergen 19.mai 2011 på Jacob Aalls kl.18.00. Det vil bli lagt ut meir informasjon så snart som mogleg. 
Ta kontakt med Kvinnherad Næringsservice om det er noko du lurer på i forhold til arrangementet (post@naeringsservice.no).
 
 06.04.2011

”Slipp oss til” – ungdom inn i landbruket


Hordaland Bonde- og Småbrukarlag har starta et nytt prosjekt.  Prosjektleiaren heled til i Kvinnherad, og prosjektarbeidet vert i første omgong starta i vår kommune.
Les meir 04.02.2010
  Forrige
Neste  
Kom til Kvinnherad
Adresse
KEST-bygget, 5460 Husnes
Telefon
95169215
Lenkjer
Dynamiske websider: iDrift AS