Framsida
Siste nyhende
10.06.2014
Sunnhordlandstreff 26.juni- bli med!
Nysgjerrig på jobbmoglegheitene i Sunnhordland? 26. juni blir MF Skånevik fylt med firma, kommunar, etatar, mat, drikke, premiar og festivalpass!
14.10.2013
Velkommen til Sunnhordlandstreff med filmpremiere på MESH 7. november
Kjenner du dei tallause karrieremoglegheitene som finst for deg i Sunnhordland?
Samarbeidspartnarar

Velkommen til Sunnhordlandstreff 28. juni om bord i D/S "Stord I"

Klikk på bilete for full storleik
 
Bedrifter, kommunar og andre offentlege etatar inviterer deg som kjem frå Sunnhordland eller deg som ynskjer å bli betre kjend med regionen på treff  28. juni kl. 17:30-20:00 om bord i D/S 'Stord I', som ligg til kai i Leirvik hamn under Stordfest.
 

Sunnhordland har eit mangfald av jobbmoglegheiter, både innan det offentlege og det private. For at regionen og bedriftene framleis skal utvikla seg, treng me at de som studentar eller som alt er utdanna, kjem heim etter fullført utdanning eller seinare som arbeidstakar.

 

På treffet vil bedrifter, kommunar og det offentlege formidla mangfaldet av jobbmoglegheiter regionen har og forventar å ha i framtida.

 

Her vert det god tid til å knyta kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar!

Det vert god servering og forfriskningar, god tid til mingling og du får også orkesterplass til det som skjer på Stordfest denne ettermiddagen!

 

I tillegg kan du vinne festivalpass til Stordfest 2013 (til bruk på konsertane med Eva & the Heartmaker, Karpe Diem og Gogol Bordello), Tysnesfest og Festidalen!

Arrangementet er gratis!

 

VEKOMMEN til god stemning på Sunnhordlandstreffet!

 

Meld deg på i dag ved å sende e-post med namn, studieretning eller arbeidsstad til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no eller gå inn på vår facebook-side!

 

Du kan også melde deg på ved å sende SMS til 917 45 102.

 

Har du spørsmål, så ta gjerne kontakt med oss på telefon 53 45 67 90.

 
 
 
  Tilbake

 
Kom til Kvinnherad
Adresse
KEST-bygget, 5460 Husnes
Telefon
95169215
Lenkjer
Dynamiske websider: iDrift AS