| | |
|
| Siste nyhende | | | | 10.06.2014 | Sunnhordlandstreff 26.juni- bli med! | Nysgjerrig på jobbmoglegheitene i Sunnhordland? 26. juni blir MF Skånevik fylt med firma, kommunar, etatar, mat, drikke, premiar og festivalpass! | | 14.10.2013 | Velkommen til Sunnhordlandstreff med filmpremiere på MESH 7. november | Kjenner du dei tallause karrieremoglegheitene som finst for deg i Sunnhordland? | | | | | Samarbeidspartnarar | | | |
Omdømmebygging & rekruttering i Sunnhordland | | | Omdømmebygging av Sunnhordland er eit langsiktig arbeid for å styrkja regionen som arbeids- og buregion. For å lukkast i dette arbeidet, ser fleire og fleire behovet for å stå samla i konkurranse om arbeidskrafta. Sunnhordland kan sjåast på som ein felles bu- og arbeidsregion. Kommunar og bedrifter har felles interesser i å henta inn arbeidskraft til Sunnhordland. Rekruttering handlar om meir enn sjølve jobbinnhaldet og løns- og arbeidsvilkår. Jobb til partnar/ ektefelle, lokalmiljø, bustadprisar, skule- og barnehagetilbod er forhold som spelar inn ved val av arbeidsstad og kvar ein skal busetje seg. Som følgje av dette må det offentlege og det private stå saman i rekrutteringsarbeidet! Samarbeidsrådet for Sunnhordland arbeider kontinuerleg for fremjing av regionen. Men for å kunna ha fullt fokus på dette, er det viktig at di bedrift er med. Me tilbyr di bedrift følgjande: | | Omdømmepartnar, pakke I - Deltaking på 2 Sunnhordlandstreff/Kom-heim-treff medtilhøyrande ambassadørtreff med fokus på omdømmebygging
- Bruk av spesialprodusert Sunnhordlandsfilm med dykkar firmalogo som sluttbilete (filmen vert levert som dvd)
- Tilgong til CV-database for Sunnhordland
- Medlemsskap i MESH Norway med m.a. tilgong til kontorplass i Oslo, www.meshnorway.com
- Logo på framsida av nettstaden www.buisunnhordland.no med link til bedrifta si nettside
- Bruk av Sunnhordland-roll ups ved arrangement
- Profilering på Facebook via samfunnet Bu i Sunnhordland
- Profilering på messer der Samarbeidsrådet for Sunnhordland er tilstade
- Bruk av Sunnhordlandlogo
Med atterhald om endringar. PRIS: kr 30.000,- eks mva Omdømmepartnar, pakke II | | - Deltaking på 1 Sunnhordlandstreff/Kom-heim-treff med tilhøyrande ambassadørtreff med fokus på omdømmebygging
- Oppføring i bedriftsoversyn på nettstaden www.buisunnhordland.no med link til bedrifta si nettside
- Bruk av spesialprodusert Sunnhordlandsfilm med dykkar firmalogo som sluttbilete
- Profilering på messer der Samarbeidsrådet for Sunnhordland er tilstade
- Tilgong til CV-database for Sunnhordland
- Bruk av Sunnhordland-roll ups ved arrangement
- Bruk av Sunnhordlandslogo
Med atterhald om endringar. PRIS: kr 15.000,- eks mva | | Ekstra Dersom det er ynskjeleg, har de også høve til å kjøpe einskilde deler av omdømme-pakkane. PRIS: frå kr 5.000,- eks mva PR ELEMENT Med atterhald om endringar. | | Velkommen til å bli med på å byggja Sunnhordland for framtida! | | For bestilling av pakke, ta kontakt INNAN 22.MARS 2013 med: Anne Synnøve Lønne, prosjektleiar Mobil: 922 62 150 Tlf: 53 45 67 90 e-post: asl@samarbeidsraadet-sunnhordland.no Samarbeidsrådet for Sunnhordland Postboks 444 5403 STORD | | | | | | |
| |
|
| Kom til Kvinnherad | | Adresse | KEST-bygget, 5460 Husnes | Telefon | 95169215 |
|
| | Lenkjer | | | |
Dynamiske websider: iDrift AS |